Thomas Dybdahl med band
Thomas Dybdahl kjem til Fjord Cadenza 2025! Dybdahl er ein av våre beste og mest profilerte musikarar. Han har med sine nydelege album befesta si stilling som ein av Noregs store artistar og låtskrivarar.

The Brazz Brothers og Håvard Sveås
Vi er så heldige å få presentere samarbeidsprosjektet mellom The Brazz Bros og organisten, vokalisten og komponisten Håvard Sveås i Skodje kyrkje 8. februar

Omen Quartet: The Caravan Project på Alnes
Nyt lunsjen på fantastiske Alnes Fyr og opplevelsessenter med OMEN Quartet fra Wien.

Festivalgudsteneste i Tusenårsparken
Tradisjon tru ønsker Fjord Cadenza velkomen til festivalgudsteneste i Tusenårsparken ved Jentekolonien på Skodje. Vi har bestilt finevêr for anledninga, og håper mange tek turen denne søndagen!

Operapub i Nerskøyløa
OperaPub er ein fantastisk måte å oppleve opera på! Anten du aldri har opplevd sjangeren, om du et opera til frukost, eller noko midt i mellom, er dette noko som må opplevast. Dette er eit høve til å kome tett på nokre av Noregs største operasongarar, og møte sjangeren i ei uformell drakt.

UTSELD! Festkonsert: Magne Furuholmen, Anneli Drecker og Sjøforsvarets musikkorps med gjester
Endeleg kan vi avsløre årets festivalkunstnar, som også inviterer til festkonsert med Anneli Drecker og Sjøforsvarets musikkorps 31. august kl. 20:00 på Gomerhuset!
Med gjestevokalistane Martin Halla og Tini Flaat får vi høyre hits frå a-ha, samt urframføring av songar frå Magnes solokarriere som har ei direkte kopling til årets kunstutstilling på Jentekolonien.

Marie Løvås i Tusenårsparken
Til konserten på Fjord Cadenza vil Marie presentere fleire av dei nye låtane sine i eit spennande trioformat. Med seg har ho Daniela Reyes Holmsen på trekkspel, harmonium og bass, og Torgeir Hovden Standal på gitarar. Tematisk beveger låtane seg rundt det usagte - om ubearbeidde kjensler og erfaringar som ikkje har fått språk, ting ein ikkje tør å seie høgt, og lette over å vere med eit menneske som berre forstår utan at ein treng å seie noko som helst.

PopUp på Digerneset: Folkemusikk - Åsmund Farstad og Marius Berglund i fri flyt
Ta lunsjen på Braud med oss og nyt ein PopUpkonsert med Åsmund Farstad og Marius Berglund
UTSELD! På innsida av kommandosentralen
Bli med inn i Akslafjellet!
Ålesunds største landemerke, byfjellet Aksla, sit på mange hemmelegheiter. Under 2. verdskrig, vart den største kommandosentralen mellom Bergen og Trondheim bygd ut inne i fjellet. Anlegget har stått urørt i mange år, men er ein av dei største kulturskattane med ei viktig historie som er viktig å formidle til neste generasjon. I samarbeid med Ålesund Sentrumsforening, inviterer Fjord Cadenza til en unik opplevelse langt inne i bunkersen under festivalen.

PopUp i Brattvåg: Folkemusikk - Åsmund Farstad og Marius Berglund i fri flyt
Ta lunsjen på Braud med oss og nyt ein PopUpkonsert med Åsmund Farstad og Marius Berglund!

INTRO: Wolfgang A + graut = sant
Kom å bli kjend med ein energisk og over snittet musikalsk nyskjerrigper som elska å spele og lage musikk. Han heiter Wolfgang Amadeus Mozart.
Klassiske perler på SOMS og Ådalen
Tradisjon tru kjem Magne Fremmerlid, Charlotte Fongen, Markus Bjørlykke og Bjørnar Myhr til Skodje Omsorgssenter og Ådalen Allé.

Grissini Project: - Det beste frå Ghibli
Bli med på ein magisk kveld der Studio Ghiblis fortryllande verd kjem til liv i konserten «Det beste frå Ghibli». Med fenomenet Grissini Project i spissen, inviterer vi deg til å oppleve dei vakraste melodiane frå desse kjende klassikarane i stemningsfulle omgjevnader i Parken Kulturhus.

Store røyster i Gruva
Foto: Eystein Drønnesund
Fjord Cadenza har gjort det til ein tradisjon å fylle gruva i Norddal med musikk under festivalen. I år har vi utfordra operastjerna Magne Fremmerlid til å sette samen eit program med godbitar frå opera - og musikalverda saman med Charlotte Fongen, Markus Bjørlykke og Bjørnar Myhr.
Meir info kjem

HEIMKOMST: Bergmann og Bruckner
Foto: Piotr Cabaj
Endeleg skjer det. Sykkylvingen Rune Bergmann vender heim, og tek med seg 65 vennar og kollegaer i Fjord Cadenza symfoniorkester, stappa inn i Sykkylven kyrkje. Med seg har han østerrikske Anton Bruckner sin 4. symfoni, med kallenavnet «den romantiske». I dette flotte kyrkjerommet får ein oppleve musikken slik den var meint å høyrast ut.
Ta berre ein titt på komponisten sine eigne notat om symfonien si opning:
«Middelalderby - daggry - morgonrop lyder frå byens tårn - portane opnast - på stolte hestar rir riddarane ut i det fri, naturen sin magi omsluttar dei - skogen si mumling - fuglesong - og slik utviklar det romantiske biletet seg vidare...»
Konserten opnast først av eit kortare verk av den norske komponisten Egil Hovland, som ville fylt 100 år i år, som også er Anton Bruckner sitt 200-årsjubileum! Gå inn i hausten med denne monumentale musikkopplevinga. 🍂
“Kor var du når Bergmann dirigerte Bruckner i kyrkja?”
Program:
Egil Hovland – Fanfare og koral
Anton Bruckner – Symfoni nr. 4 «Den romantiske»
KJEKT Å VITE:
⏳ Varigheit: 90 minutt (dørene opnar 30 minutt før konsertstart)
🪑 Førstemann til mølla-prinsippet
♿ Tilgjengelegheit: Lokalet er tilpassa og tilgjengeleg for alle
-
Kveldens vert er den internasjonale stjernedirigenten og sykkylvingen Rune Bergmann. I tillegg til å være sjefsdirigent i heile tre utanlandske symfoniorkester, er han festivalen sin kunstnariske leiar. I Canada, Polen og Sveits, der han jobbar til vanleg, er han kjent som «the big happy viking», og det er stort for oss å få han heim til Sunnmøre også i år.
-
Vårt eige festivalorkester er samansett av Sjøforsvarets musikkorps frå Bergen, saman med ei strykargruppe beståande fleire profesjonelle utøvarar frå regionen, våre lokale talent, og eit utanlandsk dryss frå Rune Bergmann sitt internasjonale nettverk.
-
Anton Bruckner (f. 1824, d. 1896) var ein østerriksk komponist som elska store, majestetiske symfoniar og vakre kyrkjeverk. Han starta som ein beskjeden organist frå ein liten landsby, men musikken hans har rørt hjarter over heile verda. Bruckner var ein meister i å veve saman mektige lydbilete med enkle, rørande melodiar. Musikken hans treff både hovudet og hjartet, og gir oss ein følelse av både stordom og nærleik.
-
Egil Hovland (f. 1924, d. 2013) var ein norsk komponist med røter i kyrkjemusikken. Han komponerte alt frå storslåtte korverk til fengande orkesterstykke. Han evna å kombinere det tradisjonelle med det moderne, som gjor musikken hans både tidlaus og nyskapande. Hovland sine verk er fulle av liv og sjel, og han klarte alltid å bringe noko unikt til kvar note. Musikke er som ei omfamning, full av norsk natur, kultur og hjerte.

FOLKEPUB: Farstad & Farstad, Jorun Marie Kvernberg og vener
Foto: Pernille Holsvik Ingebrigtsen
Vi byr opp til folkemusikkfest på Teaterfabrikken med den lokale, men eksotiske trioen Farstad & Farstad og ein stjernebukett av vener! Dette blir ei sosial anledning med pust mellom innslaga, så ta gjerne med deg ein venn eller fire. 🍃
Farstad & Farstad er ei gammaldansgruppe med to trekkspel og ei fele, frå høvesvis Tennfjord, Skodje og Volda. Det er knapt mogleg å telle kor mange utnemningar og meisterskapsmedaljar dei har mellom seg! Kristina Farstad Bjørdal, Marius Berglund og Åsmund Farstad er eminente, unge og framadstormande musikarar innen både folkemusikk og klassisk, med ei felles glede for gammaldansen og den eldre folkemusikken. Dei jobbar med å bevare folkemusikken frå Nordvestlandet og få den ut til folket.
Vi får også oppleve
- den kjente folkemusikaren fra Fræna, Jorun Marie Kvernberg på både fele og sang.
- hardingfelespesialisten frå Valdres, no busatt i Volda og Ålesund kulturskole sin nye folkemusikklærar, Jan Beitohaugen Granli.
- Britt Elise Skram fra Tresfjorden, mottaker av kunstnarstipend fra Møre og Romsdal fylkeskommune 2023 og aktuell med si nye soloplate “Dåm”.
- Britt Pernille Frøholm er ein av dei sterkaste tradisjonsberarane på fele og hardingfele frå Hornindal. Ho er nylig Spellemannsprisnominert, og for tida ansatt som distriktsmusikar i Sunnfjord Kommune.
Medverkande:
Kristina Farstad Bjørdal, trekkspel
Åsmund Arnesen Farstad, fele
Marius Berglund, trekkspel
Jorun Marie Kvernberg
Jan Beitohaugen Granli
Britt Elise Skram
Britt Pernille Frøholm
PS: Få med deg vår storslagne opningskonsert i Ålesund kyrkje i forkant kl 19:00!
KJEKT Å VITE:
⏳ Varigheit: Eit par timar med pauser (dørene opnar 20:00 med salg i baren)
🪑 Førstemann til mølla-prinsippet
♿ Tilgjengelegheit: Lokalet er tilpassa og tilgjengeleg for alle

OPNINGSKONSERT: Bergmann og Bruckner
Foto: Arnold Hoddevik
Årets opningskonsert er lagt til Ålesund kyrkje, og i dette massive kyrkjerommet får ein oppleve musikken slik den var meint å høyrast ut. Det er vårt eige festivalorkester og dirigent Rune Bergmann som skal tolke Anton Bruckner si middelalderromanse; symfonien som vart hans gjennomslag og fekk kallenavnet «den romantiske».
Ta berre ein titt på komponisten sine eigne notat om symfonien si opning:
«Middelalderby - daggry - morgonrop lyder frå byens tårn - portane opnast - på stolte hestar rir riddarane ut i det fri, naturen sin magi omsluttar dei - skogen si mumling - fuglesong - og slik utviklar det romantiske biletet seg vidare...»
Konserten opnast først av eit kortare verk av den norske komponisten Egil Hovland, som ville fylt 100 år i år, som også er Anton Bruckner sitt 200-årsjubileum! Gå inn i hausten med denne monumentale musikkopplevinga. 🍂
Program
Egil Hovland – Fanfare og koral
Anton Bruckner – Symfoni nr. 4 «Den romantiske»
PS: Nachspiel! Få med deg Folkepub på Teaterfabrikken rett etterpå - kl 21:00 spiller Farstad & Farstad opp til god stemning – virtuos folkemusikk frå Nordvestlandet.
KJEKT Å VITE:
⏳ Varigheit: 90 minutt (dørene opnar 30 minutt før konsertstart)
🪑 Førstemann til mølla-prinsippet
♿ Tilgjengelegheit: Lokalet er tilpassa og tilgjengeleg for alle
-
Kveldens vert er den internasjonale stjernedirigenten og sykkylvingen Rune Bergmann. I tillegg til å være sjefsdirigent i heile tre utanlandske symfoniorkester, er han festivalen sin kunstnariske leiar. I Canada, Polen og Sveits, der han jobbar til vanleg, er han kjent som «the big happy viking», og det er stort for oss å få han heim til Sunnmøre også i år.
-
Vårt eige festivalorkester er samansett av Sjøforsvarets musikkorps frå Bergen, saman med ei strykargruppe beståande av fleire profesjonelle utøvarar frå regionen, våre lokale talent, og eit utanlandsk dryss frå Rune Bergmann sitt internasjonale nettverk.
-
Anton Bruckner (f. 1824, d. 1896) var ein østerriksk komponist som elska store, majestetiske symfoniar og vakre kyrkjeverk. Han starta som ein beskjeden organist frå ein liten landsby, men musikken hans har rørt hjarter over heile verda. Bruckner var ein meister i å veve saman mektige lydbilete med enkle, rørande melodiar. Musikken hans treff både hovudet og hjartet, og gir oss ein følelse av både stordom og nærleik.
-
Egil Hovland (f. 1924, d. 2013) var ein norsk komponist med røter i kyrkjemusikken. Han komponerte alt frå storslåtte korverk til fengande orkesterstykke. Han evna å kombinere det tradisjonelle med det moderne, som gjor musikken hans både tidlaus og nyskapande. Hovland sine verk er fulle av liv og sjel, og han klarte alltid å bringe noko unikt til kvar note. Musikke er som ei omfamning, full av norsk natur, kultur og hjerte.

Festivalvorspiel: Animato Quartet
I 2015 vant Inga Våga Gaustad DNB Nasjonale musikkonkurranse under Fjord Cadenza. 9 år etter er ho endeleg tilbake på Fjord Cadenza, saman med sin kvartett, Animato Quartet.

Opning av kunstutstilling - Magne Furuholmen
I samarbeid med Lions Skodje er den årlege kunstutstillinga under Fjord Cadenza ein viktig hjørnestein i festivalen. At vi i år har fått fantastiske Magne Furuholmen som festivalkunstnar, er ein milepæl for både Fjord Cadenza og Lions Skodje, og vi gler oss til å invitere til offisiell opning av denne onsdag 28. august kl 18:00

Jugendstildagene 2024: Lyden av jugendstil i Larsengården
I lag med vår konservator Signe Svoen og komponist Jon Øivind Ness får du oppleve eit av dei best bevarte jugendstilinteriøra i byen med sine nydelege detaljar og kontrastfylte stemningar, kombinert med klassisk musikk som utforskar koplingane mellom jugendstilens ideal og musikalske verk frå same periode.

Avslutningskonsert // 30-års jubileumskonsert
30-årsjubileet til Fjord Cadenza skal markerast med ein spinnvill konsert i Nerskøystøa! Det blir eit show av det sjeldne slaget – for kor mange gongar kan ein få sjå Ole Edvard Antonsen, The Brazz Brothers og Bjørn Tomren på éi og same scene? Ta turen! Dette blir ei oppleving av det sjeldne slaget!

Frode Fjellheim // Hildegunn Øiseth // Engegårdkvartetten
Gjer deg klar for trolsk klang i Norddal gruve!
Opplev komponist, pianist og joiker Frode Fjellheim saman med jazztrompetist Hildegunn Øiseth, i samspel med Engegårdkvartetten!

Festivalgudsteneste i Tusenårsparken
Tradisjon tru ønsker Fjord Cadenza velkomen til festivalgudsteneste i Tusenårsparken ved Jentekolonien på Skodje. Vi har bestilt finevêr for anledninga, og håper mange tek turen denne søndagen!

Operapub i Nerskøyløa
OperaPub er ein fantastisk måte å oppleve opera på! Anten du aldri har opplevd sjangeren, om du et opera til frukost, eller noko midt i mellom, er dette noko som må opplevast. Dette er eit høve til å kome tett på nokre av Noregs største operasongarar, og møte sjangeren i ei uformell drakt.

Bruvandring med lysshow og videokunst // Laurdag
I høve 100-årsjubileet for Skodjebruene, arrangerer Fjord Cadenza ei vandring der minne blir vekt til live gjennom det å gå saman i eit rikt natur- og kulturlandskap!

Engegårdkvartetten // Schubert og Grieg
Det blir ein kveld med dramatikk og gåsehud når Engegårdkvartetten tek podiet i Skodje kyrkje. Vi har ikkje anna enn skryt for den særeigne klangen i lokalet — og vi veit at Engegårdkvartetten vil levere ein konsert publikum vil leve lenge på!

I solidaritet // Anna Fedorova
Årets solist, pianisten Anna Fedorova, vil spele ein gratis konsert for ukrainske flyktningar i Ålesund kommune. Fjord Cadenza ønskjer med dette å skape eit augeblikk av fellesskap, håp og tilhøyrsle gjennom musikkens kraft.

INTRO // MiHelKen
MIHELKEN er eit unikt samarbeid mellom slagverkarane Miki Campins, Helge Nordbakken og Kenneth Ekornes. Tilsaman omfavnar dei så og seie heile den rytmiske verda, og resultatet av dette er det ingen som veit – enno. Saman har dei skapt eit musikalsk verk utvikla spesielt for festivalen!

POP-UP opera // Braud Bakeri
Vi inviterer til eit lite operastunt hos Systra Café på Sjøholt for ein tilbakelent konsert i verdsklasse! Arrangementet er gratis – legg turen til Sjøholt denne dagen.

POP-UP opera // Systra Café
Vi inviterer til eit lite operastunt hos Systra Café på Sjøholt for ein tilbakelent konsert i verdsklasse! Arrangementet er gratis – legg turen til Sjøholt denne dagen.