Tilbake til alle arrangementer

Jugendstildagene 2024: Lyden av jugendstil i Larsengården

  • Larsengården Langeberggata 3 Møre og Romsdal, 6004 Norway (kart)

Kva er lyden av jugendstil?

Bli med oss på ein utforskande konsert i Larsengården der vi undersøkjer dette spørsmålet.

I lag med vår konservator Signe Svoen og komponist Jon Øivind Ness får du oppleve eit av dei best bevarte jugendstilinteriøra i byen med sine nydelege detaljar og kontrastfylte stemningar, kombinert med klassisk musikk som utforskar koplingane mellom jugendstilens ideal og musikalske verk frå same periode.

Medverkande musikarar:

Renate Ekerhovd - Sopran
Brandt Fredriksen - Klaver
Ålesund Strykekvartett

Bli kjend med musikken

Jugendstildagane

Jugendstildagane vert arrangerte annakvart år og har som intensjon å setje lys på jugendstilens mange sider. Fokuset vil i 2024 bli sett på koplinga mellom jugendstilen og klassisk musikk frå same periode.

Gjennom ei serie musikalske opplevingar iscenesett i originale jugendstilinteriør i Ålesund, tek vi publikum med på ein vandring i jugendstilen der dei kan sanse jugendstilens karakteristikkar med både augo og øyra.

Prosjektet er inspirert av komponist Jon Øivind Bylund Ness si nyfortolking av senromantikken der han utforskar moglegheita for at utvalde verk frå perioden kan ha vore påverka av jugendstilens ideal.

Vi ynskjer å ta denne ideen vidare og setje desse verkene i ein kontekst der publikum kan vere med å trekke parallellar mellom jugendstilens kjenneteikn og musikkens stemningar. Verka som blir nytta er valde ut i samarbeid med Bylund Ness.

Prosjektet er eit samarbeidsprosjekt mellom Viti og Fjord Cadenza.

 
Forrige
Forrige
8. juni

Jugendstildagene 2024: Lyden av jugendstil i Larsengården

Neste
Neste
28. august

Opning av kunstutstilling - Magne Furuholmen