Tilbake til alle arrangementer

INTRO // MiHelKen

  • Gomerhuset Stadionvegen 25 Skodje, Møre og Romsdal, 6260 Norway (kart)

INTRO til slagverk – gratis for heile familien!

Vår eigen Miki Campins har fått velge sine 2 favorittslagverkarar i Noreg – og med desse tre samla på same scene kan vi love at du skal få kjenne på puls, godfot, overraskingar og rytmisk overtenning.

MIHELKEN er eit unikt samarbeid mellom slagverkarane Miki Campins, Helge Nordbakken og Kenneth Ekornes. Tilsaman omfavnar dei så og seie heile den rytmiske verda, og resultatet av dette er det ingen som veit – enno. Saman har dei skapt eit musikalsk verk utvikla spesielt for festivalen!

Konserten er gratis og passar for alle aldrar.

 

TRYKK PÅ NAMNA UNDER FOR Å LESE MEIR:

  • Miki Campins er slagverkar busett i Ålesund med master i perkusjon frå Högskolan för scen och musik i Gøteborg. Han er fødd på Mallorca, men har budd på Sunnmøre ei årrekke, og underviser i slagverk i Ålesund.

    I tillegg til å undervise, er han nytta i svært mange musikalske samarbeid i regionen. Campins er ein allsidig og nysgjerrig musikar som set pris på å bli utfordra.

    Sist Campins vitja INTRO, var det med pauker i samspel med orgel. Denne gongen har han fått invitere dei slagverkarane som inspirerer han mest og vi har ikkje sett begrensing på talet på rytmeinstrument, så her vert det garantert mykje lyd.

  • Helge Nordbakken er slagverkar, utdanna ved jazzlinja i Trondheim. Han er ein av dei mest anerkjende skandinaviske perkusjonistane vi har. Han har ei imponerande og variert karriere. Han er kjend for musikalske samarbeid med artistar som Mari Boine, Jon Balke, Kari Bremnes, Maria Joao, Karl Seglem, Becaye Aw, Miki N’Doye, Jovan Pavlovic og Anne Wylie – som seier noko om Nordbakken si musikalske allsidigheit.

    Som frilansar har han turnert verda rundt, og hatt ei sentral rolle i ei rekke bestillingsverk. Nordbakken vart i 2023 tildelt Musikernes pris under Jazzprisen 2023. I grunngjevinga står det:
    Helge Nordbakken vert beskrive av musikarkollegarer som ei perfekt blanding av damplokomotiv og vulkan, med nokre herlege overraskande utskeiingar på vegen.

  • Kenneth Ekornes er slagverkar frå Sykkylven, og fastmedlem i The Brazz Brothers sidan 2009. Han er utdanna slagverkar ved Universitetet i Agder og har dei siste to tiåra vore ein av Noregs mest nytta frilans slagverkar. Ekornes si store allsidigheit og høge kompetanse har gjort han til svært attraktiv innanfor fleire sjangrar og i ei rekke bandkonstellasjonar.

    I tillegg har han vore fast medlem av Mari Boine Band, Desafinado, Trio De Janeiro og Gumbo. Kenneth er kjent for sitt personlige uttrykk innanfor fleiretnisk musikk og utstrakt bruk av elektronikk. Rikskonsertene har vore ein viktig oppdragsgiver i mange år, og han har besøkt fleire norske skular med fleire ulike konsertproduksjonar – ikkje minst soloframsyninga hans «Ekornes i hundre». Kenneth har vitja Fjord Cadenza ei rekke gonger, men det er første gong vi får oppleve han i eit reint rytmisk samspel. Det gler vi oss stort til!

Medverkande
Miki Campins
Helge Nordbakken
Kenneth Ekornes
Sparebanken Møre, fast sponsor

Forrige
Forrige
2. september

POP-UP opera // Braud Bakeri

Neste
Neste
2. september

I solidaritet // Anna Fedorova