Det er eit fåtal gratisbillettar tilgjengeleg for vanleg publikum.
Årets festivalsolist, pianisten Anna Fedorova, er ukrainsk — og ho er opptatt av å gjere det ho kan for flyktningane frå krigen i Ukraina. Sjølv har ho allereie organisert ei rekke velgjerdskonsertar, og saman med både vener og andre musikarar, har ho mellom anna samla inn 500.000 euro til humanitære hjelpeorganisasjonar berre i løpet av mars og april 2022.
Saman med ektemannen sin, kontrabassist Nicholas Schwartz, vil Fedorova spele ein konsert for ukrainske flyktningar i Ålesund kommune. Fjord Cadenza ønskjer med dette å skape eit augeblikk av fellesskap, håp og tilhøyrsle gjennom musikkens kraft.
Ordførar Eva V. Aurdal vil halde opningstala for konserten, for å uttrykke vår djupaste sympati og støtte til dei som har måtta forlate heimlandet på grunn av krigen.
Festivalen rettar stor takk til Ålesund kommune og Parken kulturhus, som sørgja for å spreie bodskapen til dei ukrainske flyktningane i kommunen, og som har opna dørene til Parken kulturhus for arrangementet.
Medverkande
Anna Fedorova, klaver
Nicky Schwarz, kontrabass