Tilbake til alle arrangementer

Engegårdkvartetten // Schubert og Grieg

  • Skodje kyrkje 6260 Skodje (kart)

Foto: Lars Bryngelsson

Nydeleg klang og dramatisk musikk i Skodje kyrkje!

Det blir ein kveld med dramatikk og gåsehud når Engegårdkvartetten tek podiet i Skodje kyrkje. Vi har ikkje anna enn skryt for den særeigne klangen i lokalet — og vi veit at Engegårdkvartetten vil levere ein konsert publikum vil leve lenge på!

Engegårdkvartetten såg dagens lys under midnattssol i Lofoten i 2005, og sidan då har dei spelt så det ljomar. Om ein tek turen denne kvelden, vil ein få høre Griegs strykekvartett — den einaste han fullførte — og Schuberts kvartett, “Døden og piken”.

Anten du er ihuga entusiast, eller om du nett har begynt å like klassisk musikk, vil vi anbefale akkurat denne konserten: kammermusikk i eit kyrkjerom med god lyd og fantastisk klang er blant dei beste måtane ein kan oppleve musikken på.

Her har vi truleg fått tolkinga som Grieg-elskarar har venta på.
— Tully Potter, musikkmeldar

TRYKK PÅ NAMNA UNDER FOR Å LESE MEIR:

  • Til biografen sin, sa Grieg:
    "For eg kjenner at i dette verket, ligg det prøver på det hjarteblodet som framtida forhåpentlegvis vil få sjå meir enn berre prøver av."

    Kvartetten vart ein mental kamp for Grieg; ein kamp med seg sjølv som han vann. Kvartetten framstår i dag som eit av Grieg sine mest helstøypte verk – og den einaste kvartetten han fullførte.

    Frå same tidsrom kjem også hans mørkaste pianostykke, Balladen, i same tonearten som kvartetten. I kvartetten, nyttar han det nye sykliske formprinsippet, som vi kan skimta ein føregjengar for i dagens Haydn-kvartett. Dette er ikkje ei spesiell oppfinning gjort av Grieg.

    Ein ven av Grieg, Franz Beyer, klarte å redda forholdet til Nina. Han fekk dei til å byrja planlegginga av eit eige heim i Bergen, det som skulle bli Troldhaugen. Her fekk kunstnarparet igjen fotfestet i liva sine, og Griegs skaparkraft fekk ny næring. Rester er, som man seier, historie.

  • D-mollkvartetten har sitt tilnamn etter temaet i andre sats, henta frå Schuberts eigen song med same namn. I kvartettens raske satsar nyttar han ei tonespråk med ei ny kraft og nesten valdsam, orkestral bruk av strykeinstrumenta.

    Verket vart i Schuberts tid berre spelt i private samanhengar, med positiv mottaking av mange. Men den aldrande fiolinvirtuosen Ignaz Schuppanzigh, som leia ein av desse framføringane, utbraut like etter: "Bror, dette er ingenting - hald deg til songane!"

    Deretter samla Schubert stilt saman notene og putta dei i ei skuff utan å gjere noko med tanke på utgjeving.

    Åh, så feil ein kan ta...

  • Engegårdkvartetten såg dagens lys under midnattssola i Lofoten i 2005, og vart raskt eit av dei mest ettertrakta kammermusikkensemblea i Norge. Kvartetten sine modige og friske tolkingar av det klassiske repertoaret, kombinert med ei djuptfølt tilknyting til dei skandinaviske røtene sine, gav han, heilt frå starten, internasjonal anerkjenning og inspirerte til innovative program og samarbeid.

    Kvartetten har gitt ut fleire CD-ar som har fått positiv mottaking både nasjonalt og internasjonalt. Dei har òg opptrådt på konsertscener i heile Norden, samt i land som Østerrike, Tsjekkia, Sveits, Tyskland, Colombia, Brasil, Storbritannia, Danmark, Skottland og Ungarn. Dei har deltatt på kjende festivalar og samarbeidd med ei rekkje anerkjente musikarar innan ulike sjangrar.

    Engegårdkvartetten har også engasjert seg i samtidsmusikk og utvida strykekvartettrepertoaret gjennom bestillingsverk og urframføringar av norske og internasjonale komponistar. Medlemmane av kvartetten er òg aktive i å fremje kammermusikken i Noreg gjennom festivalar, undervisning og samarbeid med amatør- og ungdomsmusikarar.

  • Arvid Engegård spelar på ein Jean Baptiste Vuillaume-fiolin (1858), lånt av Dextra.

    Laura Custodio Sabas spelar på ein Jean Baptiste Vuillaume-fiolin (1857).

    Juliet Jopling spelar på ein Giuseppe Guadagnini-bratsj (1770).

    Jan Clemens Carlsen spelar på ein Giacomo Zanoli-cello (1737), lånt av Dextra.

Medverkande
Arvid Engegård, fiolin
Laura Custodio Sabas, fiolin
Juliet Jopling, bratsj
Jan Clemens Carlsen, cello

Forrige
Forrige
2. september

I solidaritet // Anna Fedorova

Neste
Neste
2. september

Bruvandring med lysshow og videokunst // Laurdag