Tilbake til alle arrangementer

Bruvandring med lysshow og videokunst // Laurdag

Foto: Ruben Molnes

To jubileum i éitt!

I høve 100-årsjubileet for Skodjebruene, arrangerer Fjord Cadenza ei vandring der minne blir vekt til live gjennom det å gå saman i eit rikt natur- og kulturlandskap.

Det blir musikk, historiske bilete og videoar i tunellen, samt lyskunst og laserkunst på bruene. Skøye teaterlag stiller med tablå.

Det blir noko litt annleis kvar kveld – så om du tek turen fleire gonger, kan du få sjå fleire ny sider av showet. Kom uansett vêr; lyskunsten blir endå meir magisk i regn!

PRAKTISK INFO:

  • Skyttelbuss går frå Digerneset busshaldeplass denne kvelden, og vil gå kontinuerleg fram og tilbake frå haldeplass til gamletunellen.

  • Parkeringa ved bruene er satt av til aktørane.

  • Treng du assistanse utanom vanleg buss/bil, er det berre å kontakte oss.
    Ring 988 70 673 så treff du Ann-Cathrin!

  • Det vert gruppevis over bruene, og vi legg opp til at ingen må vente meir enn 10 minutt – men minner om tolmod, i verste fall.

 

TRYKK PÅ NAMNA UNDER FOR Å LESE MEIR:

  • Maiken Rye og Kyrre Heldal Karlsen kombinerer det naturlege og kulturelle i ein vandreframsyning som set landskapet rundt bruene i scene visuelt, historisk og narrativt.

    Naturen, bruene, lys- og videoinstallasjonar, teater og musikk engasjerer publikum sine sansar og kjensler og gir ei taktil oppleving av å gå i eit rikt landskap saman.

    Ved å integrere natur, kultur og sanseopplevingar, vert det skapt rom for tilhøyrsle, ettertanke og inspirasjon for alle som deltek.

  • Karlsen er den kunstnariske leiaren for jubileumsvandringa. Han utviklar det heilskaplege kunstnarlege uttrykket og bidreg til vandringa si visuelle, musikalske og tekstlege dramaturgi.

    Han står for heilskapen i publikumsopplevinga og skapar fysiske installasjonar og lys- og videoinstallasjonar. Han arbeider ut frå naturen på staden, kulturlandskapet og historiske bilete- og tekstkjelder.

  • Rye er regissør for vandringa. Ho tek utgangspunkt i lokalt tekstmateriale, både historisk og notidig, skriv manus til teaterdelen og bidreg til å forme resten av det kunstnarlege uttrykket med særleg vekt på dramaturgi.

    Ho vil òg instruere utøvarane på staden i dagane opp mot framvisinga.

  • Bruene er forma av datidens byggeskikk og det som var teknisk mogleg for hundre år sidan. Dei var Nord-Europas største steinbruer i si tid.

    Plasseringa av bruene i landskapet og arbeidet som har forma dei, fortel viktige delar av Skodje si historie og kva rammer og behov som formet infrastrukturen på den tida. Då dei vart ferdige, vart dei viktige byggesteinar kulturarven til Skodje.

Medv

Medverkande
Kyrre Heldal Karlsen, lyskunstnar
Kimarius Abrahamsen, lysdesigner
Maiken Rye, regissør
Skøye teaterlag
Skodje sogelag
Skodje blandakor
Marius Berglund, trekkspill
Kristina Farstad Bjørdal, trekkspill

Forrige
Forrige
2. september

Engegårdkvartetten // Schubert og Grieg

Neste
Neste
2. september

Operapub i Nerskøyløa