Tilbake til alle arrangementer

Grissini Project: - Det beste frå Ghibli

  • Parken kulturhus 3 Parkgata Ålesund, Møre og Romsdal, 6003 Norway (kart)

Illustrasjon: Millie Martin

Bli med på ein magisk kveld der Studio Ghiblis fortryllande verd kjem til liv i konserten «Det beste frå Ghibli». Med fenomenet Grissini Project i spissen, inviterer vi deg til å oppleve dei vakraste melodiane frå desse kjende klassikarane i stemningsfulle omgivnadar i Parken Kulturhus.

Sjå for deg å sitje under stjernene, som Satsuki og Mei i «Min nabo Totoro», medan du lytter til dei melodiøse tonane som formidlar vennskap og naturens magi. Musikk som «Totoro's Theme» og «The Path of the Wind» vil fylle rommet og vekke minne om barndom og oppdagingar.

Vi tek deg også med til dei mystiske skogane frå «Prinsesse Mononoke», der musikken fortel om kampen mellom menneske og natur, og om kjærleiken som kan blomstre midt i konflikt. Høyr dei episke tonane frå «Prinsesse Mononoke», som skildrar Ashitaka og San si reise gjennom farar og forsoning.

Denne kvelden er ikkje berre ein konsert, men ei reise gjennom Ghiblis verd, der kvar melodi er eit vindauge til eit land fylt med undring, eventyr og kjensler.

Del denne magiske opplevinga med nokon du er glad i! Bli med på ei musikalsk reise der musikk og magi møtast, og la den fortryllande musikken skape ein kveld de ikkje vil gløyme.

Vi ser fram til å sjå deg i Parken for ein kveld fylt med kjensler og eventyr!

  • Ensemblet Grissini Project har dei siste åra vorte eit internettfenomen gjennom sine kreative, vakre og nostalgiske tolkninger av popkulturell instrumentalmusikk. Dei har turnert i store delar av verda, har fleire titalls millioner Youtube-visningar, og har inspirert ein generasjon av anime, spill og filminteresserte

    Florestan Raes, fiolin
    Clara Germont, cello
    Maja Samuelsson, vokal
    Romain Vaudé, piano

  • Princess Mononoke - The Journey to the West

    My Neighbor Totoro - Path of the Wind
    The Wind Rises - Nahoko
    Castle in the Sky - Kimi wo Nosete

    Kiki's Delivery Service - A town with an Ocean View
    Up on Poppy Hill - Sayonara no Natsu
    Spirited Away - The Dragon Boy
    Howl's Moving Castle - Merry go round of Life
    My Neighbor Totoro - Tonari no Totoro

Forrige
Forrige
30. august

Store røyster i Gruva

Neste
Neste
31. august

Klassiske perler på SOMS og Ådalen