Tilbake til alle arrangementer

Frode Fjellheim // Hildegunn Øiseth // Engegårdkvartetten

  • Dale Gruvemuseum 1 Sekundær Fylkesvei 91 Norddal, Møre og Romsdal, 6214 Norway (kart)

Foto 1 og 2: Laura Pleifer, Lars Oberg. Foto 3: Lars Bryngelsson

Gjer deg klar for trolsk klang i Norddal gruve!

Opplev komponist, pianist og joiker Frode Fjellheim saman med jazztrompetist Hildegunn Øiseth, i samspel med Engegårdkvartetten! Frode og Hildegunn er ofte opptatt med eigne prosjekt på kvar si side, men av og til opptrer dei saman og skaper ei magisk stemning der ingrediensane er gamle urtradisjonar, moderne instrument og lydar, og ei herleg formidling av særeigen musikk. Dette er første gong dei jobbar med Engegårdkvartetten.

Konserten er støtta av BDO

  • Hildegunn spelar bukkehorn, neverlur og trompet, og måten ho gjer det på er heilt unik. Med bakgrunn i både klassisk musikk, jazz og verdsmusikk, har ho skapt sitt eige uttrykk som bergtek publikum. Det er vakkert, rått, inderleg og tek deg med på ei herleg musikalsk reise.

    (Tekst lånt frå vuelie.no)

  • Frode har sitt eige uttrykk der han gir omgrepet joik ei utvida meining. Det er heftig, mykje urkraft, nydeleg, og rett som det er litt humoristisk. Hans musikalske uttrykk har fascinert menneske over heile verda – inkludert filmskaparane i Disney, som har brukt musikken hans i Frost-filmane.

    (Tekst lånt frå vuelie.no)

  • Engegårdkvartetten såg dagens lys under midnattssola i Lofoten i 2005, og vart raskt eit av dei mest ettertrakta kammermusikkensemblea i Norge. Kvartetten sine modige og friske tolkingar av det klassiske repertoaret, kombinert med ei djuptfølt tilknyting til dei skandinaviske røtene sine, gav han, heilt frå starten, internasjonal anerkjenning og inspirerte til innovative program og samarbeid.

    Kvartetten har gitt ut fleire CD-ar som har fått positiv mottaking både nasjonalt og internasjonalt. Dei har òg opptrådt på konsertscener i heile Norden, samt i land som Østerrike, Tsjekkia, Sveits, Tyskland, Colombia, Brasil, Storbritannia, Danmark, Skottland og Ungarn. Dei har deltatt på kjende festivalar og samarbeidd med ei rekkje anerkjente musikarar innan ulike sjangrar.

    Engegårdkvartetten har også engasjert seg i samtidsmusikk og utvida strykekvartettrepertoaret gjennom bestillingsverk og urframføringar av norske og internasjonale komponistar. Medlemmane av kvartetten er òg aktive i å fremje kammermusikken i Noreg gjennom festivalar, undervisning og samarbeid med amatør- og ungdomsmusikarar.

Program Engegårdkvartetten
​En Smuk Aftensang, trad. arr. Bjørn Andor Drage
Skotsk fra Lom
Bruremarsj frå Eide, trad. arr. Bjørn Andor Drage
Utdrag fra En Yoik Suite av Sigmund Lillebjerka, arr. Engegårdkvartetten
Haugelåt, trad. og Edvard Grieg; arr. Nils Anders Mortensen
Udrag frå Haydn op. 86 nr. 4, Soloppgang

Program Frode og Hildegunn TBA

Forrige
Forrige
3. september

Festivalgudsteneste i Tusenårsparken

Neste
Neste
3. september

Avslutningskonsert // 30-års jubileumskonsert