Tilbake til alle arrangementer

UTSELD! På innsida av kommandosentralen

  • Byparken Ålesund, Møre og Romsdal Norway (kart)

Foto: Clara Evens

Bli med inn i Akslafjellet!

Ålesunds største landemerke, byfjellet Aksla, sit på mange hemmelegheiter. Under 2. verdskrig, vart den største kommandosentralen mellom Bergen og Trondheim bygd ut inne i fjellet. Anlegget har stått urørt i mange år, men er ein av dei største kulturskattane med ei viktig historie som er viktig å formidle til neste generasjon. I samarbeid med Ålesund Sentrumsforening, inviterer Fjord Cadenza til en unik opplevelse langt inne i bunkersen under festivalen.

Animato Quartet med lys- og videokunstnar Kimarius Abrahamsen har sett saman ei framsyning med musikk med ein sterk og direkte link til andre verdskrigen. Monica Molvær, styreleiar i Ålesund Sentrumsforening og styremedlem i Fjord Cadenza vil også fortelje kort om historia til kommandosentralen under konserten.

KJEKT Å VITE:

⏳ Varigheit: ca. 50 minutt (dørene opnar 30 minutt før konsertstart) ** Det er stabil temperatur på ca 13-15 grader med litt fuktig luft, ta på varme klede.

♿️ Tilgjengelegheit: Lokalet er ikkje tilpassa rullestolbrukarar. Det er ei trapp på ca. 10 trinn for å komme ned i konsertlokalet, og tilsvarende for å komme ut av lokalet. Vi oppfordrar til å ta med ledsager dersom det er behov for det. ** Det er heller ikkje toalettfasilitetar i lokalet

☕️ Det vert anledning til å kjøpe noko å drikke under arrangementet

🪑 Førstemann til mølla-prinsippet, det er begrenset tal på billettar

🦺 Alle vil få gjennomgang av tryggleik før inngang til lokalet, møt gjerne i god tid

Forrige
Forrige
31. august

PopUp i Brattvåg: Folkemusikk - Åsmund Farstad og Marius Berglund i fri flyt

Neste
Neste
31. august

PopUp på Digerneset: Folkemusikk - Åsmund Farstad og Marius Berglund i fri flyt