Vi er så heldige å få presentere samarbeidsprosjektet mellom The Brazz Bros og organisten, vokalisten og komponisten Håvard Sveås.
Håvard Sveås
Håvard Sveås, komponist/arrangør/keys
Jan Magne Førde, trompet
Helge Førde, trombone
Stein Erik Tafjord, tuba
Runar Tafjord, horn
Kåre Nymark, trompet
og Kenneth Ekornes, trommer
Håvard Sveås
Håvard Sveås er utdanna i kyrkjemusikk og har lang erfaring som kyrkjemusikar, kordirigent og frilansmusikar/vokalist/arrangør/komponist innan dei fleste musikalske sjangrar. Håvard bur for tida i Langevåg, der han jobbar som kantor, arrangør og komponist.
The Brazz Brothers
The Brazz Brothers er Noregs lengst eksisterande frilansensemble med kontinuerleg drift. Ensemblet vart starta som ein messingkvintett i januar 1981.
Gjennom karrieren har The Brazz Brothers spelt over 5000 konsertar og turnert i 34 land. Ensemblet har opptrådt på dei største musikk- og jazzfestivalane i Europa, USA og Asia, og har vore solistar og leia konsertar med over 20 profesjonelle symfoniorkester i Europa. Ensemblet har òg hatt stor aktivitet på det afrikanske kontinentet med over 200 konsertar i Tanzania, Mosambik, Swaziland og Sør-Afrika.
The Brazz Bros har eit stort publikum både i Noreg og internasjonalt, og med si spesielle besetning – messingkvintett pluss trommer – har ensemblet skapt sin eigen musikalske stil og sjanger der samspel, samskaping, improvisasjon og originalitet blir framført på høgt nivå.
BB er blitt ein sterk merkevare og ein institusjon i norsk kulturliv.
Repertoaret er bygd rundt musikaranes eigne komposisjonar og arrangement. Fleire av komposisjonane har blitt internasjonalt kjende og blir spelt av andre ensemble og orkester verda over. The Brazz Brothers har gjeve ut 23 album som har fått stor anerkjenning både blant publikum og presse.
Ensemblet har òg motteke ei rekke prisar og nominasjonar. Blant anna har dei vore nominert til Nordisk råds musikkpris, motteke Møre og Romsdal fylkeskulturpris, Sula kommunes kulturpris, Sildajazz-prisen, Gammleng-prisen samt seks nominasjonar til Spellemannprisen.
The Brazz Brothers si pedagogiske verksemd er omfattande. Ensemblet har utvikla sin eigen undervisningsmetodikk bygd på gehørspel. Det finst knapt blåsemusikarar i Noreg og Skandinavia som ikkje har deltatt på The Brazz Brothers sine gehørspel-seminar.
Konserten er støtta av Stiftelsen Kjell Holm.