Tilbake til alle arrangementer

HEIMKOMST: Bergmann og Bruckner

  • Sykkylven kyrkje 24 Kyrkjevegen Sykkylven (kart)

Foto: Piotr Cabaj

Endeleg skjer det. Sykkylvingen Rune Bergmann vender heim, og tek med seg 65 vennar og kollegaer i Fjord Cadenza symfoniorkester, stappa inn i Sykkylven kyrkje. Med seg har han østerrikske Anton Bruckner sin 4. symfoni, med kallenavnet «den romantiske». I dette flotte kyrkjerommet får ein oppleve musikken slik den var meint å høyrast ut.

Ta berre ein titt på komponisten sine eigne notat om symfonien si opning:
«Middelalderby - daggry - morgonrop lyder frå byens tårn - portane opnast - på stolte hestar rir riddarane ut i det fri, naturen sin magi omsluttar dei - skogen si mumling - fuglesong - og slik utviklar det romantiske biletet seg vidare...»  

Konserten opnast først av eit kortare verk av den norske komponisten Egil Hovland, som ville fylt 100 år i år, som også er Anton Bruckner sitt 200-årsjubileum! Gå inn i hausten med denne monumentale musikkopplevinga. 🍂

“Kor var du når Bergmann dirigerte Bruckner i kyrkja?”

Program:
Egil Hovland – Fanfare og koral 
Anton Bruckner – Symfoni nr. 4 «Den romantiske» 

KJEKT Å VITE:

⏳ Varigheit: 90 minutt (dørene opnar 30 minutt før konsertstart)

🪑 Førstemann til mølla-prinsippet

♿ Tilgjengelegheit: Lokalet er tilpassa og tilgjengeleg for alle

  • Kveldens vert er den internasjonale stjernedirigenten og sykkylvingen Rune Bergmann. I tillegg til å være sjefsdirigent i heile tre utanlandske symfoniorkester, er han festivalen sin kunstnariske leiar. I Canada, Polen og Sveits, der han jobbar til vanleg, er han kjent som «the big happy viking», og det er stort for oss å få han heim til Sunnmøre også i år.

  • Vårt eige festivalorkester er samansett av Sjøforsvarets musikkorps frå Bergen, saman med ei strykargruppe beståande fleire profesjonelle utøvarar frå regionen, våre lokale talent, og eit utanlandsk dryss frå Rune Bergmann sitt internasjonale nettverk.

  • Anton Bruckner (f. 1824, d. 1896) var ein østerriksk komponist som elska store, majestetiske symfoniar og vakre kyrkjeverk. Han starta som ein beskjeden organist frå ein liten landsby, men musikken hans har rørt hjarter over heile verda. Bruckner var ein meister i å veve saman mektige lydbilete med enkle, rørande melodiar. Musikken hans treff både hovudet og hjartet, og gir oss ein følelse av både stordom og nærleik.

  • Egil Hovland (f. 1924, d. 2013) var ein norsk komponist med røter i kyrkjemusikken. Han komponerte alt frå storslåtte korverk til fengande orkesterstykke. Han evna å kombinere det tradisjonelle med det moderne, som gjor musikken hans både tidlaus og nyskapande. Hovland sine verk er fulle av liv og sjel, og han klarte alltid å bringe noko unikt til kvar note. Musikke er som ei omfamning, full av norsk natur, kultur og hjerte.

Forrige
Forrige
29. august

FOLKEPUB: Farstad & Farstad, Jorun Marie Kvernberg og vener

Neste
Neste
30. august

Store røyster i Gruva