Tilbake til alle arrangementer

FOLKEPUB: Farstad & Farstad, Jorun Marie Kvernberg og vener

  • Teaterfabrikken Molovegen 22 Ålesund (kart)

Foto: Pernille Holsvik Ingebrigtsen

Vi byr opp til folkemusikkfest på Teaterfabrikken med den lokale, men eksotiske trioen Farstad & Farstad og ein stjernebukett av vener! Dette blir ei sosial anledning med pust mellom innslaga, så ta gjerne med deg ein venn eller fire. 🍃

Farstad & Farstad er ei gammaldansgruppe med to trekkspel og ei fele, frå høvesvis Tennfjord, Skodje og Volda. Det er knapt mogleg å telle kor mange utnemningar og meisterskapsmedaljar dei har mellom seg! Kristina Farstad Bjørdal, Marius Berglund og Åsmund Farstad er eminente, unge og framadstormande musikarar innen både folkemusikk og klassisk, med ei felles glede for gammaldansen og den eldre folkemusikken. Dei jobbar med å bevare folkemusikken frå Nordvestlandet og få den ut til folket.

Vi får også oppleve
- den kjente folkemusikaren fra Fræna, Jorun Marie Kvernberg på både fele og sang.
- hardingfelespesialisten frå Valdres, no busatt i Volda og Ålesund kulturskole sin nye folkemusikklærar, Jan Beitohaugen Granli.
- Britt Elise Skram fra Tresfjorden, mottaker av kunstnarstipend fra Møre og Romsdal fylkeskommune 2023 og aktuell med si nye soloplate “Dåm”.
- Britt Pernille Frøholm er ein av dei sterkaste tradisjonsberarane på fele og hardingfele frå Hornindal. Ho er nylig Spellemannsprisnominert, og for tida ansatt som distriktsmusikar i Sunnfjord Kommune.

Medverkande:
Kristina Farstad Bjørdal, trekkspel
Åsmund Arnesen Farstad, fele
Marius Berglund, trekkspel
Jorun Marie Kvernberg
Jan Beitohaugen Granli
Britt Elise Skram
Britt Pernille Frøholm

PS: Få med deg vår storslagne opningskonsert i Ålesund kyrkje i forkant kl 19:00!

KJEKT Å VITE:

⏳ Varigheit: Eit par timar med pauser (dørene opnar 20:00 med salg i baren)

🪑 Førstemann til mølla-prinsippet

♿ Tilgjengelegheit: Lokalet er tilpassa og tilgjengeleg for alle

Forrige
Forrige
29. august

OPNINGSKONSERT: Bergmann og Bruckner

Neste
Neste
30. august

HEIMKOMST: Bergmann og Bruckner