Tilbake til alle arrangementer

INTRO: Wolfgang A + graut = sant

  • Skodje bibliotek 25 Stadionvegen Skodje, Møre og Romsdal, 6260 Norway (kart)

Foto: Piotr Cabaj (Inger Bakke); Magnus Skrede (ÅSK)

Arrangementet er gratis!

Kom og bli kjent med ein energisk og over snittet musikalsk nysgjerrigper som elska å spele og lage musikk. Han heiter Wolfgang Amadeus Mozart.

INTRO har gleda av å invitere til eit herleg, leikande møte med sjølvaste Wolfgang Amadeus Mozart i konserten «Eventyret om Mozart» under årets Fjord Cadenza. Ålesund strykekvartett er i storform og saman med skodespelar Inger Bakke skal dei ta for seg denne verdskjente komponisten – og vise nokre sider av han du kanskje ikkje veit om!

Kva var det med Mozart? Kvifor vart han vart kalla eit vidunderbarn? Det er ei sjølvfølge for dei som kjenner godt til han, men det er slett ikkje alle som gjer det. I denne konserten får du musikalske smakebitar frå ulike delar av komponistkarriera, små forteljingar og «fun facts» i ei morosam blanding. 

Vidunderbarnet Wolfgang Amadeus Mozart spelte piano da han var tre år gammal, og då han var fire år komponerte han sitt første musikkstykke! Faren forstod tidleg at Wolfgang var usedvanleg musikalsk begava, og han begynte å arrangere konsertturnear med lille Wolfi. Han opptrådde for kongar, keisarar, fyrstar og kardinalar rundt om i Europa. Wolfgang sjølv kunne nok synast det var slitsomt å humpe rundt i hest og vogn på sølete landevegar, men han elska å komme til nye stader, og framfor alt elska han å skrive og framføre musikk.

Konserten passar for absolutt alle aldrar og som alltid avsluttar vi INTRO med laurdagsgraut til alle.

INTRO er Fjord Cadenza sitt tilbod til alle barnefamiliar gjennom heile året, med 6 konsertar årleg. INTRO handlar om å introdusere eit breitt utval av musikk til barn og unge. Dette gjer vi gjennom å legge til rette for musikkopplevingar der vi samarbeidar med kulturinstitusjonar og nokon av dei beste kunstnarane frå regionen. INTRO skal òg bidra til å skape nye, uventa kunstnariske samarbeid.

INTRO er støtta av Sparebanken Møre, Møre og Romsdal fylkeskommune og Kulturdirektoratet.

Forrige
Forrige
31. august

Klassiske perler på SOMS og Ådalen

Neste
Neste
31. august

PopUp i Brattvåg: Folkemusikk - Åsmund Farstad og Marius Berglund i fri flyt