Tilbake til alle arrangementer

UTSELD! Festkonsert: Magne Furuholmen, Anneli Drecker og Sjøforsvarets musikkorps med gjester

  • Gomerhuset 25 Stadionvegen Skodje, Møre og Romsdal, 6260 Norway (kart)

Foto: Nina Djaerff

NB: FÅ BILLETTAR!

Endeleg kan vi avsløre årets festivalkunstnar, som også inviterer til festkonsert med Anneli Drecker og Sjøforsvarets musikkorps 31. august kl. 20:00 på Gomerhuset!

Med gjestevokalistane Martin Halla og Tini Flaat får vi høyre hits frå a-ha, samt urframføring av songar frå Magnes solokarriere som har ei direkte kopling til årets kunstutstilling på Jentekolonien.

Sjøforsvarets musikkorps speler alt frå Grieg til Piazzolla i eigen avdeling, og med hits frå a-ha, Magne og Anneli Drecker sine rike katalogar, blir det noko for alle å gle seg over. Sikre deg billettar no og bli med på ein festkonsert du seint vil gløyme!

Anneli Drecker. Foto: Stian Andersen

På scena møter du

Magne Furuholmen
Anneli Drecker
Martin Halla
Tini Flaat
Sjøforsvarets musikkorps
Rune Bergmann, dirigent

  • Magne Furuholmen er eit multitalent, og har forutan si karriere som musikar og keyboardist i a-ha vore aktiv som billetkunstnar i ei årrekke. Under årets Fjord Cadenza får vi det beste frå Magne både på scena og i kunstutstillinga. 2024 markerar 40-årsjubileet til den aller første studioversjonen av Take on me, og 20-årsjubileet til Magnes første soloplate. Vi får på denne konserten tilbakeblikk frå Magne si fantastiske i a-ha og nokre nye låtar frå soloprosjektet "magnefied"

  • Anneli Drecker er ein norsk songar, låtskrivar og skodespelar frå Tromsø, mest kjent som frontfigur i bandet Bel Canto. Ho starta karriera si tidleg, og grunnla Bel Canto då ho var 16 år gammal, saman med Nils Johansen og Geir Jenssen. Bandet oppnådde suksess både her til lands og internasjonalt med si unike blanding av elektronisk musikk og trollbindande vokal.

    I tillegg til arbeidet hennar med Bel Canto, har Drecker hatt ei solokarriere og samarbeida med fleire ulike artistar, mellom anna a-ha og Röyksopp. Ho har også bidratt til film- og teatermusikk, og har sjølv ei skodespelarkarriere med opptredenar i både teater og film.

    I vår gjorde Bel Canto eit comeback med albumet Radiant Green, og skal spele på fleire ulike festivalar i sommar. 

  • Sjøforsvarets musikkorps er eitt av fem profesjonelle musikkorps i Forsvaret. Sjøforsvarets musikkorps er eit dynamisk ensemble og løyser seremonielle oppdrag for Forsvaret og held konsertar over heile Vestlandet.

    Særleg innan ny musikk har korpset utmerkt seg, mellom anna med kritikar-hylla musikkalbum, festivaldeltakingar urframføringar – og ikkje minst utnemninga somårets utøvar av Norsk Komponistforening i 2008.

    Dei har vore med under Fjord Cadenza fleire gonger, og festivalen er stolte over å ha dei med enno ein gong.

Forrige
Forrige
31. august

Marie Løvås i Tusenårsparken

Neste
Neste
31. august

Operapub i Nerskøyløa