Takk for ein fantastisk festival i 2024!

Foto: Arnold Hoddevik, Fjord Cadenza

Foto: Arnold Hoddevik, Fjord Cadenza

Årets Fjord Cadenza vart ein stor suksess. Dei fleste arrangementa var anten utselde, eller svært godt vitja, og det er tydeleg at festivalen har byrja å få eit sterkt regionalt fotfeste. At Magne Furuholmen var årets festivalkunstnar bidrog til at det kom publikum frå store delar av verda, og sette Sunnmøres kulturliv på kartet internasjonalt.

Tidenes største samansette festivalorkester, med lokale, nasjonale og internasjonale musikarar, sørgde for ei symfonisk oppleving utanom det vanlege då Bruckner vart framført i Ålesund for første gong. Konserten med Grissini Project trekte 300 unge tilskodarar til Parken Kulturhus, og gjorde oss kjende med ei heilt ny publikumsgruppe.

Styret og festivalleiinga er svært stolte og glade for gjennomføringa av den 31. Fjord Cadenza. Ein spesiell takk til Sprabanken Møre, som er eit særs viktig fundament for at vi kan arrangere Fjord Cadenza.

Takk og til alle andre sponsorar og samarbeidspartnarar.

Sjå utvalde bilete nedenfor. Stor takk til årets fotografar: Arnold Hoddevik, Piotr Cabaj, Eystein Drønnesund og Manuela Hofer.

 
Forrige
Forrige

Til minne om Jens Moe, Fjord Cadenzas far

Neste
Neste

Grissini Project speler i Ålesund for første gong