Grissini Project speler i Ålesund for første gong

Foto: Malin Lausund Lillevold, Fjord Cadenza

Om lag inst i Storfjorden bur ein kantor med ei spesiell historie. Sommarane går med på å spele orgel i konfirmasjonar og bryllaup. Når hausten kjem, drar han på turné i utlandet – for å spele lydspora i alt frå videospel til animer. Seinare i år skal Ålesund få ein smakebit – då med musikken frå filmane til Studio Ghibli.

Inne i Sylte kyrkje er franskmannen Romain Vaudé (30) godt vand. Til dagleg jobbar han nemleg som kantor med nedslagsfelt i Liabygda, Stordal og Stranda.

Det fleire kanskje ikkje veit, er at han i tillegg er opphavsmannen bak Grissini Project – eit musikkensemble, kort og godt, med utdanna musikarar som spesialiserar seg i å spele spill- og filmmusikk. Dei haustar inn fleire millionar views på YouTube, og speler for fullsette salar i Frankrike, Sverige og Mexico, mellom anna.

– Idéen var å ha profesjonelle musikarar som ville spele popkulturell musikk, og ville forsvare den på same måte som vi forsvarar typisk klassisk musikk, forklarar Romain Vaudé.

– Vi får ofte høyre frå folk at det er første gong dei har gått på konsert med klassiske instrument. At det er første gong dei til dømes høyrer ein fiolin spelt live.
— Romain Vaudé

Klassisk utdanna

Han flytta til Norge i fjor, etter fleire år i Sverige. Han er utdanna klassisk pianist og organist, har studert ved Det Kongelige Danske Musikkonservatorium i København og Konservatoriumet i Lyon, og har bachelorgrad frå Malmö Academy of Music, samt mastergrad frå Edsberg slott, ei avdeling for kammermusikk som høyrer til Kungliga Musikhögskolan i Stockholm.

– Eg hadde vore i Norge nokre gonger før eg kom over jobbannonsen for ein kantor her. Eg kom fram til at det var ein jobb med god stabilitet som eg kunne ha samstundes som eg kunne halde på med Grissini Project, fortel Romain, og held fram:

– Eg er glad i Skandinavia, og eg trivst utruleg godt her i Norge og på Sunnmøre. Han viser til fjella og fjorden som vi ser frå Valldal sentrum:

– Sjå på det her!

I 2017 spelte Grissini Project ein konsert i Kristiansand, og det var Romain sitt første besøk i landet. Samstundes valde dei å spele inn musikkvideo på Preikestolen – for coveret deira av «The Dragonborn Comes», ei låt frå lydsporet til videospelet Skyrim.
Seinare i sommar står Ålesund for tur, for då er Romain aktuell som artist under Fjord Cadenza-festivalen.
Grissini Project skal nemleg spele fleire ulike songar frå katalogen til Studio Ghibli.

Kompleks musikk

For den uinnvigde, er Studio Ghibli eit japansk animasjonsstudio etablert i 1985. Dei tok Vesten og Norge med storm tidleg på 2000-talet med filmen «Chihiro og heksene», kjend på engelsk som «Spirited Away». Dei er verdskjende for sine fargerike og detaljerte animasjonsfilmar.

– Har du ein favorittfilm frå Studio Ghibli sin katalog?

Det tek han nokre sekund med grubling før svaret kjem:
– Det må vere «Vinden stiger». Den tek for seg vanskelege tema som på godt og vondt er aktuelle, samstundes som den handlar om å verkeleg brenne for noko – som eg trur eg kjenner meg att i som musikar. Det er ei ærleg og veldig menneskeleg historie.

Som klassisk musikar og sjølverklært nerd, opplev Romain ofte at publikum på Grissini Project-konsertar eksisterer i eit kryssingspunkt.

– Vi får ofte høyre frå folk at det er første gong dei har gått på konsert med klassiske instrument. At det er første gong dei til dømes høyrer ein fiolin spelt live. Det er artig, seier Romain.

– Komponisten som har skrive mesteparten av Ghibli-musikken, Joe Hisaishi, skriv kompleks og teknisk krevjande musikk som er vakker å høyre på. Mange har eit forhold til den. Noko som også er interessant er kor god breidde det er i alderen på dei som kjem for å høyre på, som kjem av at Studio Ghibli har haldt på heilt sidan 80-talet. Ein har vaksne som tek med seg barna sine – dei vaksne har gjerne sett «Prinsesse Mononoke», medan barna er kjende med «Ponyo». Dei som no er unge vaksne er gjerne godt kjende med Studio Ghibli, medan vi ikkje har så mange eldre menneske blant publikum.

På verdsbasis er Frankrike marknad nummer to for manga og anime, på andreplass bak Japan.

– I Frankrike er manga og anime verkeleg, verkeleg stort. Det er fleire ulike artistar som gjer det same som Grissini Project, og slike type konsertar der ein får høyre musikk frå TV-seriar, filmar og videospel er vanlege og ganske populære. Eg er spent på å sjå kva interessa for det er her i Ålesund og omland, forklarar han.

Kontakt med publikum

Florestan Raes, Romain Vaudé, Clara Germont og Maja Samuelsson. Foto: Benoit Dochy

Då han starta prosjektet i 2010, var det han åleine. No er der eit nettverk med profesjonelle musikarar verda over som hoppar inn og ut av prosjektet, alt ettersom dei er ledige eller ei. Dei faste medlemmane, utanom han sjølv, er Florestan Raes (fiolin), Clara Germont (cello) og Maja Samuelsson (song), som har vore med lenge i prosjektet.

I august kan ein få høyre musikk ikkje berre frå «Vinden stiger», men også «Ponyo på klippen ved havet», «Det levende slottet» og «Chihiro og heksene» – berre for å nemne nokre.

– Kan du røpe noko om konserten?

– Eg likar verkeleg ikkje den typiske tradisjonen i klassisk musikk der ein ikkje skal ha kontakt med publikum. Vi likar å involvere dei, så vi planlegg mykje fram mot august som skal hjelpe publikum med å leve seg inn og mimre frå filmane, seier Romain.

Litt hemmeleg skal det vere – men éin ting kan han røpe:

– Vi pleier å skru av lyset i salen og be publikum om å ta fram telefonane når vi speler musikk frå «Prinsesse Mononoke», og lyse i den mørke salen. Då får publikum rolla som «kodama», nett slik i filmen, smiler han.

Neste
Neste

Festkonsert