Festkonsert

Magne Furuholmen er årets festivalkunstnar – men han skal også stå på scena! Foto: Nina Djaerff

MAGNE FURUHOLMEN TIL FJORD CADENZA

– Gjennom 40 år i a-ha, har Magne Furuholmen vore med på å sette Noregs suverent største fotavtrykk i den internasjonale musikkbransjen. Å få han til Skodje er stort, seier Hallvard Braaten Steinhovden, festivalsjef i Fjord Cadenza.

I tillegg til at han er årets festivalkunstnar, vil ein kunne få oppleve Magne Furuholmen på scena under festivalen.

Saman med Anneli Drecker og Sjøforsvarets musikkorps, inviterer han nemleg til ein heidundrande festkonsert. Med seg har dei også gjestevokalistane Martin Halla og Tini Flaat – og 31. august får ein oppleve mykje forskjellig musikk.

– Det vil vere alt frå Grieg og Piazzolla til låter frå a-ha, Magne og Anneli Dreckers rike katalog. Dette blir ein alle tiders festkonsert, avsluttar Steinhovden.

  • Magne Furuholmen er eit multitalent, og har forutan si karriere som musikar og keyboardist i a-ha vore aktiv som billetkunstnar i ei årrekke. Under årets Fjord Cadenza får vi det beste frå Magne både på scena og i kunstutstillinga. 2024 markerar 40-årsjubileet til den aller første studioversjonen av Take on me, og 20-årsjubileet til Magnes første soloplate. Vi får på denne konserten tilbakeblikk frå Magne si fantastiske karriere i a-ha, samt nokre nye låtar frå soloprosjektet "magnefied".

  • Anneli Drecker er ein norsk songar, låtskrivar og skodespelar frå Tromsø, mest kjent som frontfigur i bandet Bel Canto. Ho starta karriera si tidleg, og grunnla Bel Canto då ho var 16 år gammal, saman med Nils Johansen og Geir Jenssen. Bandet oppnådde suksess både her til lands og internasjonalt med si unike blanding av elektronisk musikk og trollbindande vokal.

    I tillegg til arbeidet hennar med Bel Canto, har Drecker hatt ei solokarriere og samarbeida med fleire ulike artistar, mellom anna a-ha og Röyksopp. Ho har også bidratt til film- og teatermusikk, og har sjølv ei skodespelarkarriere med opptredenar i både teater og film.

    I vår gjorde Bel Canto eit comeback med albumet Radiant Green, og skal spele på fleire ulike festivalar i sommar. 

  • Sjøforsvarets musikkorps er eitt av fem profesjonelle musikkorps i Forsvaret. Sjøforsvarets musikkorps er eit dynamisk ensemble og løyser seremonielle oppdrag for Forsvaret og held konsertar over heile Vestlandet.

    Særleg innan ny musikk har korpset utmerkt seg, mellom anna med kritikar-hylla musikkalbum, festivaldeltakingar urframføringar – og ikkje minst utnemninga somårets utøvar av Norsk Komponistforening i 2008.

    Dei har vore med under Fjord Cadenza fleire gonger, og festivalen er stolte over å ha dei med enno ein gong.

Forrige
Forrige

Grissini Project speler i Ålesund for første gong

Neste
Neste

Årets festivalkunstnar