Årets festivalkunstnar

«New Song 13» har ikkje vore stilt ut tidlegare.
Illustrasjon: Magne Furuholmen

Sjølvaste Magne Furuholmen er årets festivalkunstnar!

– Vi er utruleg stolte over å ha fått på plass Magne Furuholmen som årets festivalkunstnar, samstundes som vi får oppleve musikken hans, seier Hallvard Braaten Steinhovden, festivalsjef i Fjord Cadenza.

Furuholmen er for mange viden kjent som eit av medlemmane i det verdskjente bandet a-ha. Utanom si fantastiske karriere som musikar, både som soloartist og med sine 40 år i a-ha, er Furuholmen også eit fenomen i kunstverda.

Han tek med seg kunstutstillinga «New Song» til Jentekolonien på Skodje. Den hentar både titlar og inspirasjon frå eigne tekstar som Furuholmen har skrive for a-has utgiving «True North» i 2022.

I tillegg til at han er årets festivalkunstnar, vil Furuholmen også medverke i ein festkonsert utan like, saman med Anneli Drecker og Sjøforsvarets musikkorps – samt gjestevokalistane Martin Halla og Tini Flaat.

  • Magne Furuholmen er eit multitalent, og har forutan si karriere som musikar vore aktiv som billetkunstnar i ei årrekke. Han debuterte i 1989, og sidan har han haldt eit høgt tempo med verk utstilt i Nasjonalgalleriet, Museet for samtidskunst, Neue Nationalgalerie i Berlin, Mac-Niteroi Brazil, Royal Academy i London, og Central Academy for Fine Arts i Beijing.

    Som biletkunstnar arbeider Furuholmen på kryss og tvers av medium og teknikkar. Særleg har han utmerka seg som grafikar og skulptør. I 2016 var Furuholmen tildelt sitt hittil største oppdrag – Imprints, ein skulpturpark med 70 tonn keramiske skulpturar. Parken opna i Akerkvartalet på Fornebu i juni 2016.

    Furuholmen vart tildelt prisen for Beste grafiske arbeid ved Høstutstillingen allereie i 1996. Verka hans er kjøpt inn av Norsk kulturråd, og er representert verda over hos både offentlege og private institusjonar, som Bibliotheque National de France, og Kupferstichkabinett Staatliche Museen zu Berlin.

    Han har eit æresdoktorat i kunstfag ved Universitetet i Agder, og aktive kulturelle styreverv inkluderer H.M. Dronning Sonjas internasjonale grafikk-stiftelse Queen Sonja Print Award. Han har vore styreleiar for Norske Grafikere, og i 2012 vart han tildelt St. Olavs Orden Ridder av 1. klasse.

Forrige
Forrige

Festkonsert

Neste
Neste

Fjord Cadenza og VITI samarbeider om Jugendstildagane 2024