Tilbake til alle arrangementer

Plag Plagge

Det er ein fryd å få invitere deg med inn i den temmeleg tulne verda til Wolfgang Plagge og Magne Fremmerlid.

Wolfang spelar piano og er sprengfull av musikk og latter. Han elskar å bli plaga av galne spørsmål frå deg og meg om kva som helst. Han likar rett og slett å bli plaga.
Magne, som syng så sterkt og djupt at det ristar i fjella, er ikkje tung å be når det skal fjasast med musikk. Han vaks opp inne i Solnørdalen og det var kanskje der inne fantasien og musikken fanga han.

Vi skal få oppleve eit aldri så lite stjernemøte mellom to karar som elskar å dele musikkgleda si med andre og gjerne med ein stor porsjon galskap. Dei har aldri laga musikk i lag før så da synest vi at det var på høg tid.

Passar for absolutt alle. Heilt gratis, med graut på kjøpet.
Vi åtvarar mot latterkuler og plageånder.

Varigheit: 35 min

Forrige
Forrige
7. mai

INTRO: Fargespill + Graut = sant

Neste
Neste
8. oktober

INTRO | UL Fram: Jungelboka