Laurdag 7. mai kl 12 er vi klare for å sleppe sjølvaste Fargespill inn dørene. Her vert det dans, song, latter og leik frå heile verda. Ta med deg dei du kjenner og bli betre kjend med denne fantastiske gjengen. Du vil aldri gløyme det!
Dei kjem med smakebitar frå tidlegare framsyningar, og kanskje har dei noko nytt på gong? Den som kjem får sjå.
Ikkje tenk på matpakka, laurdagsgrauten står klar, som alltid. Alt gratis, takka vere Sparebanken Møre. Kan det bli betre?