Vi er utruleg stolte av å invitere til musikalen Jungelboka med sjølvaste UL Fram!
Dette er eit unikt barne- og ungdomsteater som vil blåse deg av bana. 38 ungdommar mellom 12 og 16 år vil ta deg med på ei uforgløymeleg oppleving med denne udødelege klassikeren. Mowgli, Baloo, kong Louie – alle er dei med, og det i kostymer som du berre kan drøyme om!
UL Fram er ungdomslaget på Rogne, Skuløy/Flemsøy som har lang erfaring med å sette i scene musikalar. Dei leverer på eit nivå du ikkje trudde var mogleg – vi har opplevd dei, så vi veit. Sett alt anna til side og skaff billettar til deg og dine, for dette vil du ikkje gå glipp av!
Bak UL Fram står det eit knallsterkt lag av vaksne som gir alt for ungdommane sine og det gir resultater.
Tekst: Arne Linthner Næss/ Wayne Mc Knight
Musikk: Svein Gundersen
Manuset er tilrettelagt for Juniorgruppa og omskrive til nynorsk/sunnmørsk dialekt
__________________________________________
INTRO Fjord Cadenza
UL Fram - Jungelboka
Gomerhuset. Laurdag 8. oktober kl 17:00
Inngang kr 50