Tilbake til alle arrangementer

Griegs A-moll med Anna Fedorova // Opningskonserten til Ulsteinvik

  • Sjøborg kulturhus Sjøgata 10 Ulsteinvik, Møre og Romsdal, 6065 Norway (kart)

Foto: Nicholas Santangelo Schwartz

Velkomen til opningskonserten for jubileumsåret 2023!

Stjernepianisten Anna Fedorova er årets solist. Saman med dirigent Rune Bergmann og Fjord Cadenza-orkesteret, vil ho spele Edvard Griegs A-mollkonsert for klaver og orkester.

Andre akt av konserten er Antonín Dvořáks 8. symfoni – med fullsett symfoniorkester!

Opningstale blir ved sjølvaste Arild Erikstad, som i ei årrekke har vore kulturjournalist, og kanskje er mest kjent som programleiar i NRK Klassisk.

Endeleg er symfoniorkesteret tilbake – med dirigent Rune Bergmann!
Foto: Piotr Cabaj

Utan noko orkesterforspel kjem ein personleg fanfare som får oss til å retta ryggen: ein dynamisk svulmande paukekvervel som endar med ein orkestral kanonsalutt. Or smellet stig klaverstemma, som slyngjer Griegs kjenningssignal, det såkalla «Grieg-motivet», nedover gjennom oktavane. Finst det ei meir særmerkt og effektfull opning på nokon klaverkonsert?
— Sjur Haga Bringeland
 

TRYKK PÅ NAMNA UNDER FOR Å LESE MEIR:

  • Frå ein tidleg alder viste den ukrainske pianisten Anna Fedorova ein medfødd musikalitet og imponerande teknisk dyktigheit. Hennar direktesendte framføring av Rachmaninoff sin andre pianokonsert har over 37 millionar visningar på YouTube og har fått lovord frå kritikarar og verdskjende musikarar.

    Ho opptrer jamnleg på verdas mest prestisjetunge konsertsalar som Concertgebouw i Amsterdam, Carnegie Hall & Lincoln Center i New York, Palacio de Bellas Artes i Mexico City, Tonhalle Zürich, Théâtre des Champs-Elysées i Paris, Bunka Kaikan i Tokyo, og Barbican Centre & Royal Albert Hall i London.

    Under årets Fjord Cadenza, kan ein sjå Fedorova i Gomerhuset og i Ulsteinvik.

    I tillegg medverker ho på ein solidaritetskonsert for ukrainske flyktningar i Norge. Sjølv har Fedorova allereie samla inn mykje midlar for dei ramma av krigen.

  • Under urframføringa i København 3. april 1869, blei verket møtt av ekstatisk applaus. Applausen har fulgt dette verket sidan. Den orkestrale kanonsalutten var starten på ei reise til alle verdas konserthus, og har sidan stått på repertoaret til dei fleste store konsertpianistar.

    Konserten er rett og slett ein genistrek med den eksplosive førstesatsen , den «svevande» andresatsen i dess-dur og den morosame hallinginspirerte  tredjesatsen. Grieg lukkast i å heve statusen til den norske folkemusikken ved å løfte den inn i ei klassisk form.  

    A-mollkonserten var ein publikumssuksess fra fyrste stund og er mellom dei fire mest spelte konsertane i verda. I 1909 var han også den fyrste konserten som blei spelt inn på plate. Grieg var også særs nøgd med konserten og seier sjølv i eit brev av 1889  «[…] min konsert , som er et av mine bedste værker.»

  • Sommaren og hausten 1889 budde Antonín Dvořák to og ein halv månad i sommarhuset sitt, eit stykke sør for Praha. Resultatet blei kanskje Dvořáks lysaste og mest idylliske symfoni, inspirert av tsjekkisk folkemusikk, som Dvořák elska.

    Dvořák dirigerte sjølv urframføringa i Praha. Symfonien er ein lystig og lyrisk symfoni. Symfonien skil seg litt frå hans andre symfoniar – no. 8 er kortare; litt meir individualistisk og nasjonalistisk.

    Satsane er inspirert av landskapet og vêret i Bøhmen, den vestlege delen av Tsjekkia, gjennom sol til stormfullt vêr. Fjerde sats opnar med ein trompetfanfare, og den tsjekkiske dirigenten Rafael Kubelik skal ha sagt følgende under en orkesterprøve: «Mine herrer, i Bøhmen kallar trompetane aldrig inn til kamp – dei  inviterar alltid til dans!»

Medverkande
Anna Fedorova, klaversolist
Rune Bergmann, dirigent
Fjord Cadenza-orkesteret

Forrige
Forrige
1. september

Klassiske perler // Skodje omsorgssenter og Ådalen allé

Neste
Neste
1. september

Heime hjå: Villa Fridheim // UTSELD