Tilbake til alle arrangementer

Heime hjå: Villa Fridheim // UTSELD

  • Heime hjå - Are Prytz Berset på Nørve Borgundvegen 223A 6008 Ålesund Norway (kart)

Foto: Espen Mortensen (t.v.), Nikolaj Lund (t.h.)

Opplev ein intimkonsert utan like!

I eit restaurert hus frå 1898, med blodbøktrea ruvande ute ein septemberkveld og fantastisk musikk som soundtrack — denne kvelden vil du ikkje gå glipp av!

Fiolinist Arve Engegård og pianist Christian Ihle Hadland byr på nydeleg musikk. Med fire meter under taket (!) er Villa Fridheim som skapt for klassisk klang.

Are og Tina Prytz Berzet bur i Villa Fridheim. Are er styremedlem i Fjord Cadenza, og det er med stor glede at Are og Tina opnar dørene sine for ei sjeldan musikalsk oppleving!

 

TRYKK PÅ NAMNA UNDER FOR Å LESE MEIR:

  • Fiolinisten Arvid Engegård voks opp under både nordlys og mørketid i Bodø. Allereie som 11-åring leia Arvid si første strykekvartett på konsertar rundt i Noreg, og var solist med orkester for første gong.

    Gjennom karrieren har han opptrådt som solist med ei rekkje anerkjente orkester rundt om i verda, og har vore ein gjengangar på Europas mest prestisjefylte kammermusikkfestivalar.

    Arvid var dessutan Fjord Cadenza sin første kunsteriske leiar, som 30-åring. I år er Fjord Cadenza 30, mens Arvid akkurat har feira 60-årsdag. Mest kjent er han nok som førstefiolinist i Engegårdkvartetten, oppkalt etter Arvid sjølv.

    Det siste halvanna tiåret har kvartetten etablert seg som ei av Noreg sin mest suksessrike kvartetter, og dei turnerer både i inn- og utland. Engegårdkvartetten får du høyre på to konsertar under årets festival.

  • Christian Ihle Hadland er ein av Noregs fremste pianistar, og etter sin debutkonsert på Den Norske Opera & Ballett i 2008, vart han omtala som «en unik musikar hvis spel fortener å bli høyrt på alle verdas konsertscener».

    Christian gjorde sin Norgesdebut med Kringkastingsorkesteret som 15-åring, og har sidan spelt med alle leiande orkester i Noreg. Han har ved fleire høve vore solist med Oslo Filharmoniske Orkester, og han har gjesta Sveriges Radios Symfoniorkester, Stockholm Kungliga Filharmonikerna, Danmarks Radio Symfoniorkester, NDR Hannover, Helsinki Philharmonic, Det Svenske Kammerorkester og fleire andre.

    I 2011 vart han utnemnd til BBC New Generation Artist, og i perioden 2011-2013 fekk han spele med alle BBC-orkestra, i tillegg til å gjere kammermusikk og solokonsertar i regi av talentprogrammet. BBC-perioden var ein samanhengande suksess som skapte stor begeistring. Den britiske anmeldaren David Nice skreiv: "Det er absolutt ingen tvil: nok ein distinkt personlegdom blant toppianistar har erobra podiet."

  • På Nørve ligg Villa Fridheim ved Borgundvegen, i det som var Ålesunds første villaområde. Alle dei gamle villahagane på Nørve har store blodbøktre som vart planta same året. Blodbøktrea fargar området med sin karakteristiske, djupe burgunderfarge.

    Villa Fridheim er ein av dei eldste villaene i Ålesund. Bygd i 1898, er den seks år eldre enn bybrannen. Villa Fridheim er bygd i sveitserstil, som prega slutten av 1800-talet. Med fire meter under taket er huset optimalt for klassisk klang og musikalske opplevingar.

    Steinar og Anne Beate Giske totalrenoverte Villa Fridheim og førte ho tilbake til si opphavlege tilstand frå 1898. I dag er Villa Fridheim eigd av Are og Tina Prytz Berset.

Medverkande
Arvid Engegård, fiolin
Christian Ihle Hadland, klaver

Konsertpartnarar er Giske Shipping og Berset Eiendom.

 
Forrige
Forrige
1. september

Griegs A-moll med Anna Fedorova // Opningskonserten til Ulsteinvik

Neste
Neste
1. september

Bruvandring med lysshow og videokunst // Fredag