Foto: Staale Wattø, Sunnmørsposten
I år har vi æra av å stille ut verk frå den unge kunstnaren Johanna Søvik!
Johanna Søvik er årets festivalkunstnar, og vi er kry over å endeleg ha fått ho med på Fjord Cadenza. Ho har atelier i Berlin og Beijing, men no vender ho nasen heimover til Sunnmøre for å presentere kunsten sin under Fjord Cadenza sitt jubileum!
Allereie i ung alder, har Søvik etablert eit signaturuttrykk i arbeidet sitt. Fragment og fordreiingar av kjende former, kombinert med ein variert palett – særpreget gjer at maleria fangar oppmerksemda til sjåaren.
Opninga blir krydra av spontane musikalske innslag frå tre av gruppeleierane fra årets symfoniorkester - fiolin, bratsj og cello!
OPNINGSTIDER
TORSDAG: 17:30 – 21:00
FREDAG: 17:00 – 21:00
LAURDAG: 10:00 – 21:00
SØNDAG: 10:00 – 18:00
Medverkande
Johanna Søvik
Aine Suzuki - bratsj
Audun Sandvik - cello
Jaha Lee - fiolin