Tilbake til alle arrangementer

Festivalvorspiel // Helge Ferstad - Mitt liv som polfarer

  • Fontenehuset, Gamle Høibergs brusfabrikk Lihauggata 8B 6002 Ålesund (kart)

Foto: Magnus Skrede (t.v.), Sigve Ferstad (i midten og t.h.)

I konsertforedraget «Mitt liv som polfarer» presenteres forfattar Helge Ferstad, sønn og musiker Sondre Ferstad og psykiater Tor Øyvind Hummelsund i ein ærleg samtale om erfaringar i møte med mani, frå perspektivet til nettopp pasient, pårørende og psykiater.

Helge Ferstad fra Skodje er aktuell med si sjølvbiografiske bok om mani, tvangsmedisinering og maktesløyse. I Det dagblinde folket gir Ferstad lesaren ei unik innsikt i fortvilinga, maktesløysa og smerta ein person med bipolar sjukdom kan oppleve.

Medverkande
Helge Ferstad, forfattar
Sondre Ferstad, son og musikar
Tor Øyvind Hummelsund, psykiater og musikar

Med seg har han psykiateren Tor Øyvind Hummelsund som også er klassisk pianist, samt sonen sin, Sondre Ferstad; ein allsidig jazzmusikar og Norges kanskje fremste munnspelar. I tillegg til diskusjon mellom dei tre, blir det utdrag frå boka i regi av Helge, og musikk og samtale frå Sondre og Tor Øyvind. Vi gler oss til å lære frå dei!

Arrangementet er i samarbeid med Fontenehuset Ålesund.
Fontenehuset er eit frivillig arbeidsfellesskap for menneske som har eller har hatt psykiske helseutfordringar. Alle treng å bli sett, høyrt og ha nytte av å vere der.

Deira fremste mål er å motivere menneske til arbeid eller studiar, og aktiv deltakelse i samfunnet gjennom arbeidsretta rehabilitering.

 
Neste
Neste
31. august

Opning av kunstutstilling // Johanna Søvik