Tilbake til alle arrangementer

INTRO - Blås i det!

Når Fjord Cadenza inviterar Brazz Brothers til Skodje, skal sjølvsagt dei unge musikantane i nærmiljøet (Skodje, Vatne og Ørskog) få boltre seg med dei legendariske forbilda. Seminaret i gehørspel vert til ein open jamsession på Ungdomshuset Fagerheim.

Det vert stor stemning og unikt høve til å riste på rumpa, for vi rydder unna stolar og får rikeleg med plass til å danse.
Men dagen er ikkje over med det! Dette er oppvarminga til den store kveldskonserten kl. 19 i Skodje kyrkje, der Brazz Brothers møter organist Håvard Sveås i mektig musikalsk samspel. 

Som alltid blir det graut til alle store og små etter konserten. 

blås i det! Kom som du er, ver med på musikken, og nyt både jamsessionen, grauten og ikkje minst kveldskonserten i Skodje kyrkje. Ein dag full av musikkglede, frå morgon til kveld! 🎶🔥

INTRO tilbyr verkeleg gode og spennande konsertopplevingar gjennom året, for heile familien. Vi brenn for at alle skal få høyre, sjå og oppdage musikk i alle sjangrar. Det finst så mange ulike instrument, så mykje forskjellig musikk og så mange knallflinke musikarar å bli kjend med, og vi vil invitere dykk med. Ingen forkunnskap trengs, berre sett av formiddagen og kom. Her er alltid god stemning og mykje latter. Og så serverer vi laurdagsgraut etter konserten. Alt gratis, så klart!

Prosjektet er støtta av Sparebanken Møre.

INTRO er Fjord Cadenza sitt tilbod til alle barnefamiliar gjennom heile året, med 6 konsertar årleg. INTRO handlar om å introdusere eit bredt utval av musikk til barn og unge. Dette gjer vi gjennom å legge til rette for musikkopplevingar der vi samarbeidar med kulturinstitusjonar og nokon av dei beste kunstnerane frå regionen. INTRO skal óg bidra til å skape nye, uventa kunstnariske samarbeid. 

Forrige
Forrige
7. desember

Førjulsallsong + Graut = Sant