Tilbake til alle arrangementer

Førjulsallsong på Gomerhuset

  • Gomerhuset 25 Stadionvegen Skodje, Møre og Romsdal, 6260 Norway (kart)

Førjulsallsong + Graut = Sant

Kor ofte er det vi får synge av full hals, med den stemma vi har ilag med andre? Stadig sjeldnare, må vi vel sei. Men dette vil vi gjere noko med, og derfor gjentar vi suksessen frå i fjor og inviterer til ei skikkeleg sangstund for absolutt alle på Gomerhuset. Vi får god hjelp av Skodje blandakor, Skode skulekorps, Ferdafolk og Eli-Marita Håker så både englekor og basunar er sikra.  

Legg Må-gjere-lista til side og gled deg over i god, gamal sangstund. Å synge julesongar ilag er kultur og tradisjon. Og kanskje aller viktigast: det er skikkeleg triveleg for både store og små. Og det er så enkelt som at om vi ikkje syng julesongane så forsvinn dei. Denne songstunda blir eit gyllent høve til å få friska opp og børsta støv av dei gode gamle julesongane så vel som ei påminning om at det kjem stadig nye julesongar til.

Medverkande

Skodje Blandakor
Skodje Skulekorps
Ferdafolk
Eli-Marita Håker

Dette blir den 6. og siste familliekonserten i INTRO-serien til Fjord Cadenza i 2023 og som alltid er det Sparebanken Møre som er vår støttespelar, i tillegg til Møre og Romsdal Fylkeskommune og Kulturrådet. INTRO-konsertane skal vere eit viktig bidra til å oppleve kvalitetskonsertar for alle familiar. Tilbodet er gratis, stemninga er topp og grauten et vi ilag etterpå.


Konserter er støtta av

Forrige
Forrige
4. november

INTRO: Opera-Markus til alle!

Neste
Neste
3. februar

GLO 2020 på Jentekolonien