Tilbake til alle arrangementer

Frå halling til Afrobeat

  • Gomerhuset 25 Stadionvegen Skodje, Møre og Romsdal, 6260 Norway (kart)

Bli med på den mest overraskande, generøse og inspirande konserten du har fått med deg på lenge! Vi har invitert ei salig blanding av barn og vaksne som har til felles at dei diggar musikk og at dei bur i vår region. Her blir det mellom anna tradisjonell hallingdans, ein norgesmeister i hiphop, aktørar frå Fargespill, både ferske og drevne trekkspelarar, drivande rytmer frå Vatne og Tennfjord, og urframføring av eit nytt verk komponert av Runar Tafjord frå The Brazz Brothers!

Musikk handlar mest av alt om å vere i lag og dele. Om du har spelt eller dansa i 50 år, eller om du aldri har rørt eit instrument før, speler inga rolle – opplevinga av musikk er like stor. Berre spør ringreven Runar Tafjord, som seier at musikk er «serious fun». Eller på godt norsk: Å ta musikk på alvor med glimt i auget!

Skap ei unik oppleving saman med oss. Ta med deg dei du vil! Vil du berre lene deg tilbake og trampe takta, så gjer du det. Om du vil hive deg med og lære eit hallingmoment eller to så skal du få prøve deg!

Med INTRO tek vi musikken på leikande alvor og dermed får vi unike musikkopplevingar med dei beste utøvarane vi har – og best av alt, publikum får også vere med på leiken! Kan det bli betre?

Både inngang og laurdagsgraut er heilt gratis. Velkommen!

INTRO er Fjord Cadenza sitt tilbod til alle familiar gjennom heile året. INTRO handlar om å introdusere eit breitt utval av musikk til barn og unge. Dette gjer vi gjennom å legge til rette for musikkopplevingar der vi samarbeidar med kulturinstitusjonar og nokre av dei beste kunstnarane frå regionen.

Prosjektet er støtta av Sparebanken Møre, Møre og Romsdal fylkeskommune og Kulturrådet

Forrige
Forrige
3. februar

GLO 2020 på Jentekolonien

Neste
Neste
27. oktober

Ålesund Symfoniorkester + Unge Solistar = Sant